04 juli 2013

juliregn

regnet held fram i juli. idag las eg tre av mine regndikt ved opninga av førdekonferansen. igår kveld traff eg torsheimen i døra på sunnfjord hotell. det har eg gjort sidan 80-talet ein gong og det er ein ufatteleg energi i den mannen. nærmar seg 75 år no men like vital i praten og blikket. jobbar og jobbar og jobbar. heile tid tegnar og skriv han og arbeida står som ein påle. for ein produksjon! men det eg eigentleg ville seia var at det var hans tegning "regnmakaren" som inspirerte meg til å finna dei tre regndikta og binda dei saman med bukkehorn- og tenorsax-spel. det heng i baren det. dette hotellet er fullt av bilda hans. verdt eit besøk berre dei (spa finst så mange andre stader). det regnar. dryp og kvitskodda ligg nedetter fjella. juli seiest det. eg skal snart sørover men eg veit ikkje om det er så mykje annsleis på sørlandet. og eg vil berre ha sagt at eg ikkje klagar på været. vi får antageleg som fortjent.