06 mai 2012

Flygande

eg er skrivande flygande! for første gang ombord i eit fly med wifi onboard. malaga-oslo etter supre dagar i sør. noko som etter kvart har vorte ein tradisjon i slutten av april. det å møta våren i spania. vera i  den vakre byen nerja - nokre mil aust for malaga. klara å kobla ut og ikkje driva med så mykje anna enn å sleika sol, laga litt mat men mest gå ut å eta både lunsj og middag, jogga kvar dag, bada, kanskje handla noko fint og drikka både vin og øl i passelege mengdar. lesa ei bok eller to - og fjorårets Nordisk Litteraturprisvinnar Eliasson si novellesamling "Mellom træerne" (på dansk) er noko av det absolutt beste eg har lese på lenge. iår var det tilogmed solsenger på heile familien og det var superhyggeleg å ha med lea og kåre. mange fine soldagar. me var i fantastiske alhambra igjen også. litt i overkant turistifisert og populært har det vorte, men me klarte oss bra. store menneskemengdar har aldri appelert særs til meg, vore mi sterkaste side. det er ein kunst å ikkje gjera noko særleg i løpet av ein dag. iår var eg flink! kjennes det ut som. imorgon er det rett ut på skulekonsertturné med isglem igjen. sein landing på dette flygande skrivande fly og rett til hønefoss imorgon tidleg tidleg. det skal vel gå bra det óg.