20 mars 2011

spelferder

mars og april 2011 er forholdsvis tettpakka med konsertar. kombinasjonen av skulekonsertar og meir frittståande konsertar rundt omkring i heimland og utland kan ofte vera litt barsk. på så mange vis. her finn eg meg plutseleg att på eit hotellrom i stavanger etter ei intens helg med trio-konsert i Bologna. trommisen c.watts sine ord om over nitti prosent av tida i ein musikars liv er venting og reising er sanne. å tenkja på kor langt ein reiser for å stå sytti minutt på ei scene i Italia kan ofte vera litt "skremmande". Så ikkje gjer det. Konserten under film-festivalen YoungAbout på Museo internazionale della Musica gjekk godt. Eg avslutta kvelden på bar med Pjotr Sapegin og andre herlege folk. Vodka-skot måtte til. Det fekk meg antageleg til å ta opp bukkehornet og blåsa under ein stor fullmåne utpå morgonkvisten - over det store og tomme torget Piazza Maggiore. det lét superbra ;-) må vel vera lenge sidan nokon har blæse i bukkehorn der? det var litt vårleg der også - og i så måte litt deprimerande å komma nord att. men i kofferten ligg ein parmesan-ost som har vore lagra i trettiseks månader. fantastisk smak. spørs om den blir opna ein einsam kveld på hotellrommet denne veka - for å minnast helga i Bologna og drøyma om våren som no vel snart har tenkt å komma hit også?

1 Comments:

Blogger rønnaug s. said...

Mykje reisetid i forhold til tid ein spelar: til trøst er døkk i ei spesialgruppe som er lita i forhold til resten av befolkninga. Så kan ein føla seg spesiell, men helst utan at ein skal hovere over det! Skulle gjerne vori i Italia den seine nattetimen bukkehornet let over den opne plassen!

8:36 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home