28 desember 2009

mot slutten

mot enden av året nullni med macen oppå den keramiske steiketoppen under vifta med ei pipestappe leitande på nett etter MacBarens Vanilla tobakk som ser ut til å vera gått ut av produksjon i løpet av 2009. ikkje å få tak i. kuldegradene kryp inn mot husveggane men vi fyrer, eg fyrer. julehøgtida var roleg, stille og fin. slik den skal vera. har kjensla av at også ni-åringane - som jul er mest for, har kosa seg. første skitur igår. plateselskapjobbing idag. litt. det er påmeldt 683 album til Spellemannprisen 2009. eg har gjeve ut nokre av dei. tomas espedal skriv fine bøker - og ja: prosa med poetisk kraft. "IMOT KUNSTEN" litt meir variabel enn den forrige om å gå. men med flotte passasjar. eg kjøpte Ann Jäderlund også idag. begge desse er innstilt til nordisk råds litteraturpris. ein nær ven er femti år den treddevte! i denne månad. han vil feira den her i oslo med baccalao - og god vin - i årelang tradisjon. det varmar mitt hjarte. imorgon vil eg kløyva ved i sprengkulden og gjera opp eit bål i utegrillen. oransje mot det kvite. varme mot det nye året. fylla det med varme.