26 mai 2009

NORSK JAZZ NO

Norsk jazz no: Er det ein parole,vart eg spurt. Kanskje det, svara eg.
Det finst god og dårleg musikk. Det finst gode og elendige lyttarar. Eg går stadig rundt og trur at visse ting i verda forandrar seg til det betre, at folk utviklar seg - som til dømes lyttarar, og har eit større vidsyn no - enn for til dømes 25 år sidan - då eg entra den super-vesle manesjen som vi kan kalla norsk jazz - miljøet rundt musikken. Slik er det ikkje. Så feil kan eg ta. Det kan ofte visa seg at folk blir enno meir forstokka og innsnevra etter som åra går - altså at det motsatte skjer. Nokre lyttarar HAR svaret på kva som er jazz. Tenk det! Eg tykkjer det er heilt fantastisk at det er muleg i 2009. Å vera så bombesikker, så firkanta i skallen at ein får seg til å skriva ".... forvirres allerede i første nummer, som er en portugisisk melodi. Himla vakker, men spilt helt uten improvisasjon – og altså verken norsk eller jazz." Det er eit eller anna som har gått i ball for fyren. Særs fokusert eller til poenget er det ikkje. Vi er ikkje belemra med særs gode musikk-kritikarar i dette landet og kritikken sitatet her henta frå er eit grelt eksempel på det. Elendig språk, surmaga overflatisk preik og leiting etter trykkfeil i cover. Mine intensjonar som artist med å gje ut eit nytt album med ein annan musikk og ein ny innfallsvinkel går vedkommande totalt hus forbi. Får vi som fortjent - vi som jobbar dagleg med nisjemusikk? Har vi verkeleg ikkje gjort oss fortjent til betre?