26 november 2008

Siste kveld Leknes


Det er tredje og siste natt på Norlandia Leknes hotell. Eg kom meg ut på joggetur idag også sjølv om det var litt isete og glatt. Det låg eit tunt snølag oppå som gav meg feste. Så tok eg turen til China House igjen og åt kylling i karri. Ein sikker vinnar - iallfall så lenge kokken er kinesisk. Konsertane idag gjekk fint, og me kom oss dit me skulle i eit fæsleg snøvær på superglatte vegar. Imorgon skal me iveg mot Lødingen og det er vel omlag 152 km. å køyra etter siste konsert. Lange dagar. Jobbar så godt eg kan om kveldane med ord og musikk. Vidare alltid vidare. Dei to bilda er frå ein spasertur etter middag i iskald vind (fotografskuggen frys) i Leknes sentrum og spøkelsehuset er hotellet i kveldslys - eit slags lys, eit slags hotell.