i eit vakum og på veg
er det muleg å vera det samstundes - inni noko som kjennes som stillstand. sorg kanskje. og så i same sekund vera på veg inn i noko ein ikkje visste, kunne. rundt ein snø. over graset. over bakken. og så tanken. tanken på kor mange kilo lyd som finst? kor tung er lyd. kor tung er stilla.