13 desember 2016
Eg har bidrege med historiar i 5 antologiar utgjeve på Skald forlag: Godnattboka, Eventyrboka, Trøysteboka, Monsterboka og nyleg utgjevne Fantasiboka. I mange av mine historiar er gnomen Opus hovudperson. Bøkene er skikkeleg fint illustrert av Gunvor Rasmussen som eg også har jobba med i samband med konsertane med Monsterjazz. Igår hadde BT sin litteraturmeldar skrive fine ord om Fantasiboka - som de ser. Stas! Har du småfolk i huset finn du garantert originale, morosamme, skumle, triste og oppløftande forteljingar i desse bøkene. Dette er reklame: www.skald.no
26 november 2016
Rundt i Japan på spelferd
Joetsu La Sone, Hiigata Jazz Flash og Kanasawa Mokkiriya er historie. Eit bakeri! (fint rom), og to små jazzklubbar med atmosfære og sjel. Vi leverte musikken, vi spelte godt. Diverre for altfor få folk. Eit eller anna grunnleggande når det gjeld PR for konsertane våre har svikta. Det har vore altfor lite folk - Økonomisk sett katastrofalt lite folk, for det betyr jo at eg har solgt altfor lite plater også. Underskotet er seks-sifra. Korleis investere for å endra på det ved ein eventuell neste gang? Idag er det siste dag, og den er fri. Er på veg mot Osaka der vi skal overnatta på flyplasshotellet før avgang tidleg imorgon søndag. Toget gassar på. Vi er snart framme. Mange hyggelege folk har vi møtt. Eg likar meg godt her. Det er kombinasjonen av at alt er på plass, ein ryddigheit og ein audmjukheit og nysgjerrigheit som tiltalar. Eg har kjent at musikken har nådd fram, for dei få lyttarane som har komme - Det hjelp mot depresjonen. Det røyner på verdigheita som kunstnar når ein opplever dette. Det legg eg ikkje skjul på. Ein start i ein ny marknad? Kanskje. Men ikkje for einkvar pris.
Bildet er frå klubben JazzFlash i Niigata, Japan 24.11.16.
23 november 2016
Ut av Tokyo
Ombord i Shinkansen mot Jouetsu
ein onsdags morgon. 280 kilometer i timen susande vestover i Japan. Vi er over
halvegs med konsertane. Igår Airegin i Yokoama, ein times tur med tog frå
Tokyo. Det var bra. Betre enn Nardis. God stemning blant oss og god stemning i
det rommet. Altfor lite folk. Også her fekk eg kjensla av at dette går på
gammal vane og at vår organisator ikkje stiller krav til arrangørklubb om å
trekka folk. PR´en er altfor dårleg. Har desse klubbane nokon som helst
registrert "medlemsmasse" og sender dei ut info digitalt? Det er
mulig at klubbar som Nardis og Airegin er på nedad, eller at dei eigentleg ikkje
er så interessert i å presentere annan musikk enn det dei gjer, som i stor grad
er japanske musikarar som spelar det nord-amerikanske standardjazz-repertoaret,
ispedd litt frijazz og variantar av japansk eller amerikansk jazzrock/fusion om
du vil. Det ser iallfall slik ut på månadsprogramma som ligg framme på desse to
klubbane. Dette veit eg eigentleg lite om, men eg stiller meg mange spørsmål om det å turnere her på dette nivået. Det er forunderleg at vår organisator,
etter å ha gjennomført så mange turnear med norske musikarar ikkje gjer meir
for at det skal bli fulle hus. Ombord i toget er 6 mann i følge. Vi reiser med
19 kolli bagasje der den tyngste kofferten på 25kg innheld ein mixar og 8-10
mikrofonkablar med meir. Vi har kontrabass, skarptromme, tung cymbalkoffert, ekstra
mikrofon/kabelkoffert, Cd koffert, vinylkoffert, og i tillegg eigne koffertar
og ryggsekkar. 19 kolli altså. Det er imponerande at vi gjer det. At dette
følget med så bra musikarar på eit så høgt nivå orkar å gjera det. Ser organisatoren
det? Og høyrer han at dette er unik musikk, at eg saman med desse musikarane
skapar unik musikk som kan nå svært mange fleire lyttarar? Vi
susar avstad og det er heilt greit å reisa ut av Tokyo etter 5 netter på det
samme hotellet, og i den folkemengden som er der. Støynivået og trengselen. Fint
å komma ut "på landet"?Snart Joetsu på vestkysten av Japan - mot nord. Bildet er frå Airegin, Yokohama.
22 november 2016
Spelferd med jordskjelv
Det blir ei dagbok dette. Små glimt av tidslinja, tidslinjene. Japan November 2016. Eg vakna rundt 06.00 av at senga og rommet svaia. Eg skjønte det var jordskjelv. Kan vagt erindre å ha merka ei aning av det ein eller annan stad i verda før, men dette er så langt det kraftigaste eg har kjent, sjølv om det ikkje var kraftig i det heile. Det var eit etterskjelv etter Fukishima. Eg spratt opp og opna skyvedøra til balkongen, såg ut i det grå regnlyset, såg at i eit hus ved sidan av vart eit lys tent. Straumledningane svaia og inne på badet svaia den kvite nyvaska skjorta mi. Stod naken i rommet og visste ikkje heilt kva eg skulle gjera. Ingen alarmar. Og det varte ikkje lenge sjølv om det kjennest som om det varte lenge. La meg igjen men ikkje råd å sova meir. Ti minutt etterpå ringer mor mi. Det er kveld der heime og det er ho som fortel at det har vore eit stort skjelv på 6,9 på Richters utanfor Fukishima. Eg roar henne og fortel at vi er trygge. Det er trygt. Og vil skal ikkje i den retning seinare på turneen. Eg står opp, dusjar, kler på meg. Går ned i resepsjonen og hentar kaffi. Drikk den og vatn. Skriv. Begynnar å arbeida. Kopierer video og lydfilene frå igår. Sjekkar Fb og epost. Sender Sms. Er igang. Idag skal eg til Den norske Ambassaden i Tokyo og snakka med Tom Knappskog. Så skal vi på ny ta toget til Yokohama der klubben Airegin ventar - Nok ein låtittel av ein nord-amerikansk jazzmusikar, nemleg Sonny Rollins. Bildet er frå etter konserten igår i Kashiwa. Fin gjeng -
21 november 2016
Det abstrakte alvoret i musikken, igjen -
Ja, for meg er det alvor. Musikken er alvor. Eg kan ikkje tenka meg noko meir patetisk enn spelande folk som ikkje tek musikken på alvor, uansett kva slags sjanger dei framfører og kva stilart dei jobbar med og i. Livet skal leikast men takast alvorleg. Musikken skal leikast i men med eit grunnleggande alvor, og med tankar om alltid å gjera det så godt ein berre kan. Kvar gang. Eg er nøgd med det eg seier om dette i dette intervjuet i bladet MusikkFokus i 2014. Det held seg. Det vil halda seg lenge. For meg. Eg tenkjer mykje på dette desse dagane i Tokyo. Under den første turneen i Japan. Tenkjer på om musikken i større og større grad verden over framstår som noko vi ikkje tek innover oss lenger, at den berre virkar overflatisk, er på alle overflater heile tida. Og då meinar eg overflatisk på meir enn eit plan. Er vi i mindre og mindre grad i stand til å lytta fordi vi ikkje lenger tek oss tid til det, eller får sjangsen til det? Vi vågar ikkje? Det er skummelt fordi vi må lytta, teia.
Idag skal vi ta toget til ein bitteliten jazzklubb i Kashiwa utanfor Tokyo. Nardis. Det er også ein låttittel, ein låt av giganten Miles Davis. Det skal ikkje mykje til for å fylla den klubben så eg kryssar fingrane for at vi klarar det - Bildet er frå gårsdagens konsert i Tokyo (20.11.16).
Idag skal vi ta toget til ein bitteliten jazzklubb i Kashiwa utanfor Tokyo. Nardis. Det er også ein låttittel, ein låt av giganten Miles Davis. Det skal ikkje mykje til for å fylla den klubben så eg kryssar fingrane for at vi klarar det - Bildet er frå gårsdagens konsert i Tokyo (20.11.16).
20 november 2016
Tokyosol
Eg har altså hatt min første konsert med kvartett i Japan. Vi hadde
ei fin stund på scena og responsen var upåklageleg. Her i hotellsenga
i den tidlege morgonen etterpå kjennes det litt tomt ut -
ei utladning
igår. Kjenner meg åleine. Og det er eg.
Upåklageleg respons. Det virka som om folk
vart med, var med inn i musikken. Lytta intenst
Ekstranummer, og vi solgte mange plater.
Det japanske folk er høflege, audmjuke.
Viser respekt og gjev respekt. Folkeskikk -
Det er veldig kjekt å vera her. Også igår var vi ut og åt eit godt måltid - kjøtlaust. Kun fisk, skaldyr, grønsaker, ris. Bildet tok Tom Knappskog etter konserten - Sola skin. Eg må ut å gå!
19 november 2016
Karl Seglem Acoustic Quartet in Japan for the first time. Debut in Tokyo 19.11.2016
Today is our debut concert in Japan. We´re looking much forward to play at the well-known club Pit Inn. To present our Norwegian jazzmusic for new listeners, and then do 6 more concerts here. We have a new album out entitled Nordic Balm - out on the German label Ozella MusicIdag debuterer bandet i Japan. Jazzkvartetten. Det er alltid ein første gang for eit jazzband. Kvar konsert er første gang! Jazzen er fridomen til å gjera det på sin eigen måte. Det framstår for meg som uendeleg kjedeleg å gjera det på måtar som det allereie finst tallause variantar av. Lyden av denne kvartetten er eineståande -
Det regnar i Tokyo no. Minner meg om hausten heime, og det er då framleis haust her. Vinteren kjem ikkje før i desember seiest det, er kortare enn den norske. Eg vaknar tidleg etter første natt her. Kjem meg ned i resepsjonen og får meg ein kaffi. Her finst ingen frokost-sal så det blir å gå ut til 7-11 og få seg ein blings, om litt. Kjenner at det er ein fin måte å vakna til ein ny dag i eit nytt land og ein ny by, og setta seg å skriva. Det er 23 år sidan eg var her sist. Då med teaterstykket 300 år i Himmerik som var ein del av OL på Lillehammer sitt kulturprogram. Det var stort å vera med på. Eg minnest opphaldet i Tokyo då som spennande og oppløftande - på så veldig mange måtar. Var ikkje heilt meg sjølv trur eg. Hugsar ikkje alt så godt i detalj, men at eg var i ein rus er heilt klart. Eg hadde truffe kvinna i mitt liv nokre månader før (i Atlanta), og traff henne igjen her, i Tokyo (det kom altså noko godt ut av OL på Lillehammer). Vi hadde også ein stålande guide i Eric frå USA som budde her, og mellom anna tok oss med på reggae-klubb - nokså spesielt, og fantastiske restaurantar. Mimring.KS4 NordicBalm Japan 2016
Så er reisen igang. Den som har vore planlagt
sidan april 2015. Reisen er no. Livet er no. Og musikken. Det handlar altså å
spela musikken sin for eit heilt nytt publikum. Det er eg spent på. Spent på
korleis dei vil oppleva den, lytta på den, ta imot den. Vi kom trygt til Tokyo
frå Oslo via København. Rakk å kjøpa med meg Murakami, nyleg er dei to første
bøkene hans oversatt til dansk.
Eg skriv om igår dagen etter. Livet er no og eg
skriv om igår. Eg bur ikkje på det samme Tokyu-Stay hotellet som dei andre.
Meir fredeleg her i Yutenji enn i Shjinjuku. Hotellkjeden spesialiserer seg tydelegvis på
hotell som ligg nær tbane-tog stasjonar. Vi hadde ei fantastisk måltid igår på
ein bitteliten restaurant, eit hol i veggen der vi sat rundt ein bardisk av
heiltre og fekk servert rett etter rett som vi delte alle 6: Tom, Andreas,
Sigurd, Jonas, Ingo og meg - Eg vil kalla det eit historisk måltid der eg for
første (og siste) gang åt kokt sæd av torsk til dømes - Drakk godt japansk
fatøl og litt sake. Tumla ut igjen etter 3 timar og kom meg til sengs. Her står eg utanfor den fantastiske restauranten som heitte noko slikt som "Ein før ein". Navne-afasien er på frammarsj.