månaden mai
månaden mai er eit hol
der eg forsvann inn i meg sjølv
ingen finn spor av spor
teft av
ser snurten
holet er usynleg for alle
og møter meg midt i juni
månaden mai er eit hol
eg held meg for bringa
for å få pusta
søkk og stig
stig og søkk på ny
motstraums i elvi av tid
månaden mai er eit hol
juni plantar neven midt i panna
midt i
der eg forsvann inn i meg sjølv
ingen finn spor av spor
teft av
ser snurten
holet er usynleg for alle
og møter meg midt i juni
månaden mai er eit hol
eg held meg for bringa
for å få pusta
søkk og stig
stig og søkk på ny
motstraums i elvi av tid
månaden mai er eit hol
juni plantar neven midt i panna
midt i