fyk forbi
det
som fyk forbi eller passerer i litt lengre glimt den dagen ein legg ut på ei ny
spelferd. om den skal vora kort eller lenge betyr ikkje noko. ein konstaterer
tidleg at byen ein er busett i er liten. ein veit det men tenkjer lite over det
til dagleg. fortrenger at det er ein bitteliten by mot nord som knapt kan
kallast storby men ein innbiller seg at den er stor. og det å ta T-banen til
jernbanestasjonen førekjem meg å vera kjekkare enn å bestilla ein taxi og setta
seg inn der. ein møter verda på ein annan måte der ein trillar kofferten sin på
asfalt, baksar den ned trappene til plattformen, trillar inn i vogna og set seg
til. ei kort stund blant morgonfjesa. alle som skal noko meg inkludert. vi skal
jo noko. vi er på veg. nokre gonger treff eg flytoget perfekt - går langt fram
set meg inn i setet og vogna rullar ut frå plattformen i samme minutt. rett ut
på flyplassen, gjennom alle denne sine rutinar som vi no alle er så kjente med
- som den største sjølvfølge står vi i dei ulike køane og gjer det vi får
beskjed om eller det vi alltid har gjort liksom.vi kjem oss ombord i stålfuglen
og klatrar mot himlar like etter. og berre få dagar er ein attende på flytoget
motsatt veg etter å ha spelt tre konsertar tre kveldar på rad. Lübeck, Marburg,
Reitze. Ikveld Asker.