01 november 2016

Mot Marburg

--> Skrift frå baksetet på Vans for Bands Van og MBenzSprinteren er idag på veg mot Marburg, Tyskland. Klubben KFZ har vi spelt på før, men no har dei flytta til ein ny stad. Det blir spennande . Treibhaus i Innsbruck igårkveld var særdeles triveleg på fleire måtar. Først og fremst eit svært passande lokale for vår musikk, med topp PA og svært dyktige og hjelsame teknikarar på lyd og lys-sida. Alt på stell og varm mottaking frå staben. Vidare eit fantastisk publikum som var med oss frå første stund. Knysst, og så brakapplaus. Vi leverte to gode sett. Ekstra bra flyt - flow! igår. Så mange fine improvisasjonar og glitrande samklang, samspel. Vi er heldige som får det til akkurat slik :-). Eg er spent på kor mange cd´ar og vinylplater som går på denne turneen. Framleis står Cd-salget sterkt her sør. Folk vil ha CD, og vinylslaget aukar også. Det er heilt nødvendig for oss å få desse inntekter i tillegg til det vi tjenar på spelestadene. Det går ikkje rundt ellers. Det går ikkje rundt utan støtte heller og eg er takknemleg for at Norge framleis har støtteordingar som gjer at vi kan reisa ut å presentere musikken vår for nye lyttarar. Utan Ensemblestøtten frå Norsk Kulturråd og på denne turneen Music Norway, hadde det ikkje gått. Så takk, Takk. Det er ein lang biltur idag. Vi køyrer i strålande sol og skal over Alpane via Munchen mot nord. Eg ser dei gedigne fjella rundt meg no. Vi har vore på vegen i 1 time berre, og klokka er 10.00.

Frå Treibhaus i Innsbruck (Austria) 31.10.16