05 november 2016

Nordic Balm i Berlin



Turneen, spelferda rullar vidare. Eg kjenner meg etterkvart heime i Berlin. Det er ein behageleg by å vera i. Folk oppfører seg som folk. Er høflege og imøtekommande, med få unntak. Onsdag 2.11. hadde vi frikveld og gjekk på Der Goldener Hahn. Stor suksess. Det er lenge sidan eg har ete så god italiensk mat. Ein fest frå ende til annan. Vi fekk god vin også, for å seia det mildt. og etter måltidet tok to av ungdommane seg ut på byen til langt på natt. Det vart ein stille dag før konserten på bFlat. Eg rusla berre litt rundt i byen, kjøpte meg dönerkebab og sat eller på hotellrommet og jobba med norgesturneen i februar 2017. Vi rigga fort og gale og det var OK å spela på den klubben igjen, no på ny adresse. Mykje betre på veldig mange måtar, bortsett frå to ting: serveringsdama som er like sur og uvennleg som ved tidlegare besøk, og at honorarpolitikken deira er heilt på tryne. Du trur ikkje det er sant om eg fortel det. Men det gjer eg ikkje. Eg skriv også dette i baksetet på Sprinteren som vi no kjenner nokså godt. I ettermiddag på veg til Fürstenwalde der det visstnok er jazzfestival. Vi har konsert klokka 19.00 og køyrer tilbake til Berlin etter gig. Så er det gode Jameln og Platenlaase laurdag før tidleg retur til Oslo søndag 6.11. Vera i musikken så sterkt som råd før det.