01 november 2016

Mandagskrift

Skrift frå baksetet på Vans for Bands Van. MBenzSprinteren er på veg mot Innsbruck i Austerrike. Speling i eit drivhus ikveld: Treibhaus. Eg har lært meg kunsten å tenka positivt etter årelang trening i å møta spelestader som vi gjorde igår. Eit fint gammalt teater, fint rom, men akk så slitent på så mange vis. Til liks med han som for få år sidan hadde overteke det frå kommunen og no dreiv det privat. Det virka som om han hadde meir enn nok med å ta seg av sine to hundar, om han ikkje skulle halda orden og styra scenehuset også. Han hadde ikkje gjort mykje for at det skulle komma folk heller. Vi leverte ein strålande konsert for eit svært entusiastisk men fåtallig publikum. Veldig god energi i bandet, i musikken, og overstrøymande respons. Det har vorte ein vane, og gjer sitt til at det er inpirerande å gå på scena uansett kor mange som sit i salen. Eg er veldig langt ifrå å vera desillusjonert eller lei, men grublar på kva grep som må til for å løfta merksemda rundt den musikken vi presenterer. Eg grublar på det igjen og igjen eigentleg. Det er kanskje ein motor i drivkrafta eg har til å organisere turnear som dette igjen og igjen? Vi vil gjerne nå ut til mange fleire og korleis skal vi få det til? Få til det løftet. Foto frå GoPro kamera Ali Theater Waldshut Tiengen 30.10.16.