29 juli 2016

Drivhuset er reist!

Eg fekk delene og fekk ferdigstilt smykket. For det er det. No er det om å gjera å fullføra på skikkeleg vis og finna ut, nøye planlegga korleis innreiing og planting skal skje. Ser for meg ei blanding av utestove og veksthus. Må ha eindel planter der, men det er avhengig av kor mykje vi er der neste vår og sommar, kor mykje stell og vatning som trengs. Urter, tomater, kanskje nokre grønsaker - Så då må nok tidsplan og vitjing der også planleggast litt nøyare -

Er det ikkje fint?