08 oktober 2011

Spelferd i nord: Hemnes

Vi flaug frå stokkmarknes til bodø og fekk der ein 9-seters bil som kontrabass gjekk fint inni saman med resten av stæshet og eit par litt urvne karar, urvne etter gårkveldens retro-bar opphald sjølvsagt. det er nokså behageleg å reisa med kvartett og med eit band som leiger inn eller der arrangør skaffar trommesett. at vi ikkje dreg på hundre kollikilo og må ha stor bil og alt det der. det er lettvint, men sjølvsagt ikkje lett likevel. det er arbeid. fire timar seinare kom vi til mo i rana. her ser det jammen med ut i måneskin. eit studie verdt for byplanleggarar og arkitektar. hjelpe meg. ikkje rart det ikkje var eit menneske å sjå i betong og asfalthelvete. dei vågar seg vel ikkje ut? her på meyergården hotell har det også skjedd endringar sidan sist. ny resepsjon blant anna. ellers er det med det gamle. eg åt biff. eg gjekk tur. og no er det snart avgang til hemnesberget, hemnes jazzklubb. kryssar fingrane for opptur publikumsmessig. skal blåsa ut!

Hågen på hemnes. der spelte vi. det kom litt folk men ikkje i store flokkar. god stemning og litt cd-salg. har drassa på ein kasse full men omsetningen har ikkje vore av det store. ikkje som i tyskland for å seia det slik. etter konsert bar det tilbake til mo i rana der vi fekk eit innblikk i nattelivet. no var det meir folk ute eller rettare sagt inne. dei drakk og drakk og skråla fulle rundt i rommet. slik er det vel rundt omkring i noregs land på ein laurdagskveld. eg fekk både vin og fernet branca før eg stavra meg opp i etasjene og havna rett veg i senga. nord norge spelferda var over.

1 Comments:

Blogger rønnaug s. said...

Takk for "turen til Nord-Norge", og gratulerer med Folkelarm-prisen!Ekstra artigt var det å vera i salen under utdelinga. Det er så mange flinke musikarar i dette landet, så det å dra i land ein pris er ikkje noko som kjem av seg sjølv, vil eg tru! Ein får stor respekt for folk som er trufast mot det dei trur på og likar, lell om "produktet" ikkje er av det slaget som samlar folk i hopetal. Det er sikkert rart å koma til andre land og merka forskjellen på tilhørarane der og i landet her. Skal prøva å koma på ein konsert når det passar seg slik, gler meg til det! Med ynskje om ein god førjulsvinter!

8:54 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home