07 oktober 2011

Spelferd i nord: Sortland / Nyksund

Vi skal spela i nyksund ikveld. det blir stas. der trur eg eg har budd saman med isungset på rikskonsertturne for mange, ja det er mange år sidan. flyturen frå bodø idag gjekk hompande fint og sigurd klarte brasene bra, sittande i setet ved sidan av meg og hoppa. flyskrekk er ikkje moro, men ein må jo berre gå på mot det! når ein er musikar. litt langt å køyra bodø-sortland. eller oslo-tromsø. det blir betre og betre seier han og vi får håpa det er sant. eg ser med vørnad på, ovundrar folk som bur her i nord. i flybussen på veg frå storkmarknes til sortland tenkte eg på det medan regnet datt, vinden blæs og skodda låg langs vesterålen. vegane fulle av lauv og vatn. å bu her nord krev kraft. ei anna kraft. den krafta skapar flotte folk. det går mot nok ein vinter. dei klorar seg fast. husa langs havet vitnar om at dei ikkje gjev seg. ikkje alt og alle er velstelt og strigla som der sør men kom fan ikkje her med fjaset ditt! vi bur her og klarar oss. vi skal halda fram med å bu her og klara oss, er det som om husa seier. det er som om spelferda først kom igang idag. og kanskje kjem det endeleg litt fleire folk - ikveld? vi skal eta på ekspedisjonen om nokre timar, så køyra til nyksund. eg har høyrt at ekspedisjonen er ein restaurant med god mat og fått tilrådd grilla tørrfisk. noko eg ser svært fram til.

Det vart pochert kveite. Den smakte svært godt, saman med eit glas chianti. ekspedisjonen låg i eit gammalt havnelager rett på kaia. utanfor bølga havet kvitt og det regna og blæs. som om hausten kom for alvor denne ettermiddagen. det mørkna heilt medan me køyrde ut til nyksund. ein times biltur. det regna vilt og det siste stykke var på ein hompete holete grusveg. nyksund konsertarena er ei restaurert sjøbu opna i 2009. ein nydeleg men upolert stad i havgapet. eg hadde vore innom der før. det vart sagt at nyksund har yrande liv om sommaren, men no hadde dei som dreiv staden pakka saman og drege andre stader. tydelegvis. sortland jazzklubb leigde lokalet. den gode lydmann arild hadde rigga klart og lydprøven gjekk fort. eit fint rom å spela i. det kom ikkje mange. vi spelte godt. likevel godt å vera i musikken. spela den der ute i havgapet. bilturen heim med måneskin over hav og fjell. ikkje regn lenger. nokre glas vin i retro bar på hotellet og i seng i nord på tredje spelferdnatt. på sortland hotell hadde dei fått både saaby-kafé og hamsun-kjellar sidan sist men framleis er ikkje heile byen blå. virkar klattete og rotete og ustrukturert. men som ein plass der det er pågangsmot og liv og er ein stad, ein by, der folk vil og skal bu. eg leikte igjen med tanken på å flytta til nord norge for seks månader - prøva det.