06 oktober 2011

Spelferd i nord: Bodø

Eg kom meg forholdsvis tidleg opp til god frukost, og er stadig like forundra over at det er muleg å spreia sine eigendeler ut over eit hotellrom på så kort tid i forhold til det ein opphalder seg på dette hotellrommet i løpet av det døgnet ein vitjar det på si spelferd. (puh). det tek alltid tid å pakka seg saman. i forhold til to andre i bandet kom eg godt ut av det. pianisten forsov seg og bassisten klarte å setta att kofferten sin i hotellresepsjonen så han måtte tur/retur hotellet før han fekk sjekka inn. turen går til bodø, gjekk til bodø. her får den legendariske klubben, må eg nok seia, SINUS, vitjing av kvartetten. eg gler meg til å spela der. har gode fine minner frå bodø og håpar det kjem mykje folk ikveld som kan løfta oss. det er eit rikt musikktilbod her nord. mange konsertar. igår konkurrerte vi med rockehøyem, og idag er det fleire konsertar her - om enn ikkje jazz. i bakken utanfor hotellet idag traff eg sjølvaste bernhoft som også er på spelferd her. ein usedvanleg talentfull musikant som endeleg ser ut til å nå eit større publikum, i motsetnad til meg. (han spelar bass på mitt album nye nord frå 2003). jarle skulle til glomfjord tur-retur ikveld. eg skal tur-retur hotellet-sinus. om litt.

Sinus er ei fin scene. ein kan kjenna at det har stått og site mange musikarar på den. at mykje lyd har blitt skapt der. vi skapte ny lyd - som no er gammal. som svevar ein stad eg ikkje veit? kanskje mest inne i dei som var og lytta. dei var ikkje så mange, men dei var gode. lyttarar. kor annsleis hadde konserten vore om det var fullt? det kan ein lura på - som musikar. i musikar-rommet eller det som på utanlandsk heiter backstage eller green room, som eg ikkje kan forstå kvifor vi ikkje har eit godt norskt ord på, er det ei særskilt atmosfære også. gamle møblar, lys og lampettar, eit stereoanlegg med platespelar, eit orgel, nokre bord, kjøleskap med øl og vatn og vin mellom røffe betongveggar med ulike fargesjatteringar i grått og oker. der vart me sittande litt etterpå og eg tok opp ein video (det heiter det enno! ?) av hr. ulvo som eg kanskje kan få redigert ferdig - som intro til konsertopptak som me gjer på spelferda også. har dvd-kameraet med. Vi avslutta med bach spelt av pianisten lupatti. ikkje det verste eg har høyrt og perfekt å siga inn i drøymeland til.