25 november 2010

stereo

wow wow wow idag henta eg min rega planar3. den har stått på loftet lenge. me snakkar femten år? omtrent. den er oppdatert med dynavector10X3. ria-trinnet er førebels. eg har kjøpt conrad johnson, creek og impulse H6 kopiar før i haust. det er ei ny verd. eg har fått ny cd-samling - for ikkje å snakka om lp. som eg spelar no. royal scam til dømes. ikkje spela for høgt diverre - det er seint. eg har nabo. men alt klarnar. det er ein transparang rein lyd. eg har jo to gamle bass-refleks/horn høgtalarar med coral element ståande eg.... dei må kanskje fram dei også? no treng eg iallfall ikkje fjernsynskringkasting. eit fjernt syn som blir kringkasta? det er minus åtte grader ute. november er ikkje over. det blir ein kald vinter. så me må lytta. varma oss på lydbølgjer. eg skal det. donald fagen syng "I don´t want to shoot someone...."