12 november 2010

rapport fire, Ossicles Tour


Det er ekstremt. Ekstremt på mange ulike måtar. Eg er på turné på tiande dagen. Det er to konsertar igjen. Solingen og Lüedinghausen. Tyskland. Så mange inntrykk, så mange, kva skal eg seia, element, hendingar, opplevingar, erfaringar, ritual, utfordringar som dagleg kjem imot ein. Det er eit eige liv. Eit lite liv som no og då kan kjennast meiningslaust. All den tida ein ikkje står på scenen. Kjem ein seg dit er det greit. Då sluttar tida å gå, då er ein på veg, i musikken. Utanfor tida. I tida. Og berre der og då i tida. Kan ein høyra tida? Kjenner og veit at det vert viktigare og viktigare å levere gode konsertar kvar kveld, der og då. Å setta eit fokus frå første sekund. Det er ei vedunderleg oppleving å spela - når alt klaffar, når alt er som det skal og alle på scenen løftar musikken, løftar seg sjølv ut av seg sjølv og inn i musikken. Høyres kanskje patetisk ut og det er patetisk og ville skriva om korleis det er å spela. Det er igrunnen ubeskriveleg. Ikkje til å forklara.