22 november 2010

idag har eg

teke mot til meg. gjort ferdig eit skrivestykkje. levert eit manus. igjen. det tek si tid. fire år minst. har eg arbeida med det. og å seia at det er ferdig er vel heller ikkje riktig. for det er det nok ikkje. men det er levert einkvan som kan lesa det og melda tilbake kva vedkommande no tykkjer. igjen. etter fleire rundar både her og der. slik er det i forlagsbransjen. det er mange som vaktar portane - på godt og ilt. men mest godt kanskje. jau, eg vil vel tru det. til beste for dei som skriv. også poesi som det i dette tilfellet handlar om. dagen var ikkje fyllt med så mykje anna, men litt saksofonspel måtte til og ein liten tur på kafé med kaffi. no må det sovast. det kjenner eg. også.

1 Comments:

Blogger rønnaug s. said...

lykke til, er spent på kva navnet på samlinga blir! så har eg bestilt "stilla er ein åker", og eg kan fortelja at det ikkje er mange diktsamlingar i bokhylla her, - om ein ikkje kan kalle ei sangbok for diktsamling da.

10:37 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home