05 november 2010

rapport to, Ossicles turné

Det er skikkeleg vestlandshaust. Motstanden i den har vore, er og kan vera til inspirasjon. Me er seks karar i ein fullstappa ni-seter vivaro, rudlande mot bergen by. Me serverer, produserer lys, tonar, klang frå ulike instrument og det oppstår det som kallast musikk. Ikveld får Bergen del i den musikken. Dei som har bestemt seg for å gå til USF og oppsøka den. Gjennom regnet kjem me. Kind of rain frå plata «Spir» kling i hovudet mitt. Nokre av karane pratar lågt i telefonen, ein er ivrig med fotoapparatet, ein lyttar til konserten me gjorde igår. Avslappa atmosfære, vindaugsviskarane går jamnt og lyden av dekk mot regntung asfalt ligg som ein drone av grått lys i november. Dei einaste kontrasterande fargane er dei kvite rundballane langs Førdefjorden og nokre grøne flekkar av mose og gammalt ugrass langs bergsidene. Bergen er siste konsert i Norge før turen går til Tyskland. Me spelar i omlag ein og ein halv time, kvar dag. Alt før og etter, er venting. Eigentleg. Me ventar på å få spelt så å seia. Etter dei tre første konsertane kjenner eg at dette skal gå seg til, at me skal løfta oss og har mykje å gå på. Det tek alltid tid å spela seg inn. Spela seg opp. Spela seg saman. Mange element skal stemma, musikalsk sosialt, psykisk, fysisk. God musikk er samansett av ufatteleg mange parameter av mangfaldige faktorar (den var djup). Finna rette kjemien. Skapa gode energiar av klang. Kommunisere med ein, fleire lyttarar. Musikk er så abstrakt - og berre i noet. Så konkret i noet - der og då. Gripa noet.
Og no: Det er femtitre minutt til me går på scenen i Bergen.