06 november 2010

tenk at eg fekk Buddy-prisen 2010

Eg vart svært overraska og ekstremt glad. Hadde ingen idé om at eg var ein kandidat til den «høyeste utmerkelsen i norsk jazz»: Buddy-prisen. Eg har fått den. Må skriva det for å sjå det. Tru det.
Det var like før me skulle gå på scenen for konsert for Bergen Jazzforum, USF. Då kom Linda inn og opna døra til scenen. Der stod Bjørnar og Nina og begynnar snakka om ein pris... eg forstod ingen ting! Vart skikkeleg paff - sååå mange tankar som svirra i hovudet når eg etterkvart skjøna at det var eg som var vinnaren av prisen for 2010. Det var stort - Stort å gå inn der og ta imot prisen. Og svært inspirerande for vidare arbeid - Det må spelast. Det er det det må.

1 Comments:

OpenID jonsbilder said...

Og så er det så velfortjent! Jeg kjente jeg ble veldig glad når jeg leste om dette i avisene. Hører på Ossicles mye for tida. Beit meg merke i både Gamal rørsle, Mårblå, Ørken og Urnes-sangen på konserten sist høst. Plata leverer så flott. Jeg har faktisk vært rørt til tårer mange ganger av denne plata. (Jeg går til jobben og spiller Karl så det grøsser i ryggmargen, mens kroppen går og går og går. God kombinasjon!) Jon Solberg

9:40 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home