04 november 2010

turné 2010, rapport ein

Jau - det må skrivast! (takk for kommentarar ;-) Ut på vegen. igjen. ut på scena for å spela musikk for folk som har betalt for å høyra på. folk som har valgt å gå på nett den konserten eg gjev. berre det er inspirerande. dei to konsertane som er gjennomført har gått godt. men onsdag morgon etter oslo-konserten var hard nok. då eg kom til Avis og skulle henta leigebilen (som eg hadde fått muntleg og skriftleg stadfesting på at var OK, dagen før), var den utleigd (til Rikskonsertane). har aldri opplevd akkurat det før - at Avis leiger ut bilen ein har bestilt! etter om og men og styr og vesen hosta dei opp ein skranglete ni-seter frå lillestrøm og vi la iveg til sogndal. storvegs å spela på Meieriet. og iår kom det litt folk også ;-) fin stemning, stor respons. veldig godt å spela då -
Og her sit eg i Florø (som feirar 150 år som by) ser rett ned på hamna, ut på havet og ekspressbåtane durar og buldrar som berre det. snart lydprøve i haavebua. spelferda 2010 er igang. bildet er frå oslokonserten