31 oktober 2008

logg nummer 150

Eit nummer i rekka av skrift. her frå eit studio eg kjenner godt i sjuande etasje i kongens gate i oslo medan reidar skrur på ein trommegruv som harald har spelt på ein låt som kanskje skal gjevast ut neste år om eg får den ferdig og den har arbeidstittel Sognabad, er dette. godt å vera heime frå turne. den var vellykka. ja. kjennes ut som om kvintetten er i ferd med å få eit slags fotfeste i tyskland. og jobbane i danmark var ei positiv oppleving i forhold til respons. eg syslar med tanken på ny turne neste haust. vi får sjå kva som skjer. sjå kva valg eg tek. der er som kjent mange vegar ein kan gå.
idag er det blå himmel og skarp november. ein klarnar tankane ved å springa. har bestemt meg for å halda fram med det i vinter - om kneet held. neste konsertar er først på eit event kommande helg, så er det bergenstur med familien neste helg og seminar i komprovisasjon, så London, så Nord Norge, så.... juleferie. LAAAAANG :-)