10 november 2006

Rett inn frå Islamabad, Pakistan

eg har hatt seks konsertar her saman med tre veldig gode pakistanske musikarar og harald skullerud. eg visste lite før eg reiste hit.det har vore eit sterkt møte med eit land ein som nordmann på mange måtar trur ein har eit forhold til eller veit noko om.
det stemmer ikkje. ein veit veldig lite. det er noko heilt anna å reisa hit, vera her, sjå, lukta, høyra, snakka og først og sist spela.
musikken tek meg mange stader og det er ein fantastisk ting. det er sein kveld her og to konsertar står att. imorgon skal eg spela i ein landsby i Gurjat der syttifem prosent av innbyggarane arbeidar i norge. idag traff eg ein rektor som var født og oppvaksen i norge, men som drog tilbake for tjue år sidan. han snakka godt norsk. det har vore så mange inntrykk og så mange møter at eg må ha tid til å dordøya dei. antageleg lang tid. eg er glad eg drog hit. eg har fått nye vener og mange nye tankar.