19 januar 2006

tida er inne og det er storm i troms

eg må berre vedgå det. tida er inne til å fortelja det: eg ser ikkje på tv. likevel. det er umuleg og ikkje til å unngå at ein no og då får eit glimt av det som foregår inne i denne kassen som prydar så flott opp i dei mange norske heimar. eit retteleg stasmøbel er det visst. som mange likar å plassera så sentralt som mogeleg i leiligheita, huset eller på hytta si. mine glimt av det vedunderlege som skjer inne i denne kassa er nettopp og berre det: glimt. nokre minutt her og der, ein halvtime her og pittelitt der osb. glimtvis når ein ligg på eit hotellrom og ventar på at klokka skal bli middagstid, glimtvis før og etter barnetv, eg set meg aldri ned og ser tv. synd for meg vil mange hevda og greit nok eg skal ikkje laga noko mas om det. dersom du ikkje gjer det heller. kan det ikkje berre vera slik. eg har eit tvtraume og eg vedgår det. tv er eit medium som eg er redd. det må vera neil postmans si bok ”vi morer oss til døde” som heilt skremte vetet av meg ein gong på åtti-talet. eg må vedgå det. den er framleis lesande forresten. og når eg først har komme med denne oppsiktsvekkande nyhendinga må eg få lov å halda fram med å fortelja om ein draum eller eit traume eller eit stygt mareritt, ein framtidsdraum er det vel nærmast eg har hatt (og delvis ikkje er kvitt):
det handlar om – av alle fryktelege ting: ivar dyrhaug ☺ (kanskje bør det stå to smil bak?)
det blir ein følgjetong for den skrifta kjem ein annan dag.