02 januar 2006

noko reint og kvitt

med eit nytt år
og kanskje litt skremmande å tenkja på alt det me ikkje veit det blir fyllt med
fyllt av
solnedgangen i oslo var vakker i ettermiddag
tilogmed månen helsa på
ei tunn stripe som vinka til den oransje sola
kald vinter endeleg kald vinter
kanskje vinterdagane no vil renska hjernen
skapa klårsyn og handlingskraft slik at ein kjem igang med alle dei gjeremål
som snart vil fylla året fortare enn ein rekk å tenkja på
at det er eit nytt år