17 januar 2006

minkande kalas kul i nordkjosbotn

når var det eigentleg denne vesle kulen på magen begynte å visa seg. det som min svigerfar no utpå nyåret kalla kalas kul (som eg kom til å kalla baluba kul ei stund). det hadde eg ikkje høyrt før. han sa at eg ikkje hadde fått kalas kul og at eg heldt meg godt og det var eg no glad for at han sa. sjølv om eg langt frå var einig. kulen auka på i løpet av totusenogfem. iallfall jula totusenogfem. det er klart.. var det då at eg vart førtifire år at noko begynte å skje. skjer det noko når ein rundar to like firetal. ein pitteliten kul på magen som eg ikkje likte, likar. tenkte at no i totusenogseks må eg henta fram att joggeskoa etter gamalt. komma meg ut på springing i sinsenkrysset og sidan ta fem gange ti armhevingar og ditto sitt opp øvingar rett på stovegolvet. eg trudde faktisk det måtte til skal eg framleis henga med. etter ei tids vurdering fann eg ut at springing kanskje er litt for voldsomt i snøslapset.
eg har derimot alltid vore ein rev til å gå. eg går veldig fort. dette tok eg konsekvensen av. så langt etter nyttår har eg gått kvar dag frå sinsen til sentrum. avogtil begge veger men iallfall ein av dei. det tek meg omlag førti minutt pluss minus. har tenkt at det eigentleg ikkje er så svært mykje lenger tid enn det det tek å ta trikken. irekna ventinga på den. så eg må halda dette. det gjer meg godt. eg får både mosjon og eg får tenkt ein heil del. tenkt på musikk, på ord, på sambuaren, på ungane, på andre, på korleis det er å vera førtifire år og ha så mange fine ting å halda på med at det reint boblar over over overalt.
idag har eg teke med meg tankane til nordkjosbotnen i troms. kom meg ut og gjekk i ein forbitrande sur vind som gjorde turen litt kortare enn tenkt. men eg gjekk. og no sit eg her på vollan gjestestue og glor i femte veggen.