13 januar 2006

no har dei rive tre av dei

tre av dei flotte trevillaene like ved sinsenkrysset.oslo. det står sju igjen som snart forsvinn. ei svær gravemaskin med klype fjernar vegg for vegg og raspar grunnmuren vekk. flyttar massen over i store kontainerar. hadde tenkt å skriva om dette i vinter. tok bilder av olav hegnas vei sine villaer frå tredvetalet. nokre er veldig flotte. andre meir funksjonelle. tenk alle som har budd i dei. alt det liv dei har romma desse ti villaene. romma.
no er dei snart vekke. for all tid.
å sjå ein del av oslo forsvinna. rett og slett. det er jo det som skjer rett framom augene mine. sjå hus forsvinna til fordel for biltrafikken. alltid til fordel for biltrafikken. bilen skal fram slik at me kan komma fram. liksom. absurd. kva skal me fram til.