11 januar 2006

musikk som språk (ei skisse)

det finst talespråk, eg veit ikkje kor mange. det finst skriftspråk, eg veit ikkje kor mange. musikken finst. musikken er eit språk hinsides språket. eit språk som hevdast vera det einaste universelle språket. eit språk alle forstår? og kvar tolkning av språk vil seia å forstå språk.
musikk liknar språk ved det at det krev å bli tolka. men der tolking av språk vil sei å forstå språk, betyr tolkning av musikk å spela musikk. kanskje derfor er det meste av musikkanalysen idag prega av denne vanen: veldig kort fortald går den ut på å oversetja musikk til teoretiske symbolspråk. musikk kan delast opp i enkeltdelar: tonar, rytmar klangfargar med meir. det er ei vanleg oppfatning at musikken også let seg forklara og skildra ut frå enkeltdelar. teoriar og symbol gjev kan henda stor innsikt i klassifiseringa av musikken sine ulike element, men veldig dårlig innsikt i sjølve musikken. systematikken eller forståinga og tolkinga av musikk som språk kan bli så effektiv at analytikaren heilt misser kontakten med den musikken han skal analysera.
underleg. mykje som er underleg. tenk at me i den vestlige verda i store trekk ser på den viten som verken kan visualiserast eller setjast klare begrep på som ikkje-viten? musikken får gjennomgå her. den kan ikkje visualiserast eller kallast ein ting. musikk er og blir abstrakt. musikk treng ny tenkning. tenkning som gjev spelerom, stemme til ei viten som ikkje er omgrepsteknisk skrift eller tale.

enkelte forfattarar klarar å få skriftspråk til å bli musikk. enkelte bildekunstnarar klarar å få bilde til å bli musikk. enkelte musikarar klarar å få musikken til å bli eit språk hinsides språk.

ev alle kunstuttrykk er musikken det mest abstrakte. musikken har ingen kantar, permar, flater eller strukturar ein kan ta på, kjenna. den er når den er. det finst avanserte måleinstrument og grafiske skjema som i minste detalj kan stad- og tidfesta alle lydsignal på papir og i andre format. det finst matematiske formlar som kan brukast og vert brukt i notasjon av musikk. men musikken kan ikkje «stå framom oss» som ein ting. som ein ting me kan ta på. det er umuleg. musikken er ikkje ein ting, den er. og når den er i det den er, så er den konkret. Konkret til stades som bølgjer mellom kjelde og mottakar. I eit vakum mellom abstrakt og konkret.
ein dyktig musikar arbeidar med langt fleire parameter enn ein komponist nokon gong vil klara å skriva ned, eller rekna seg fram til. ein improviserande musikar ikkje minst. Uansett kva notasjonsmåtar som måtte bli brukt for å notera lyden ned. transkripsjonar av Coltrane´s improvisasjonar kan aldri bli «musikk» igjen. dei er interessante å arbeida med for dei som vil læra seg noko om å improvisera både over oppsatte skjema – og utan, og ikkje minst å læra seg å spela tenorsaksofon, og der stoppar det.

musikken er og blir abstrakt i kvar enkelt menneske, men konkret mellom sendar og mottakar. musikken er ei rik kompleks og grenselaus verd - uten sentimentalitet, utan kjensler når den er på sitt beste. it rom av trøystande objektivitet. musikken er når den er. Likevel er den abstrakt, eller som sagt; i eit vakum mellom abstrakt og konkret. det abstrakte kan ikkje noterast.
og det står for meg som ein fantastisk ting som fortel meg at eg må spela igjen og igjen.
slik dei som har spelt før meg til alle tider har måtta og vilja.