25 januar 2006

denne framtidsdraumen må ikkje bli sann

dette er ein framtidsdraum. ikkje misforstå. eg har ingen ting imot ivar dyrhaug. i min pure ungdom var han eit ideal som gjorde mykje god musikk tilgjengeleg for mine øyrer via radioprogrammet pop spesial som han leia saman med sigbjørn nedland i ei årrekke. likevel: det verste eg kan tenkja meg når eg kjem til himmelen er at ivar dyrhaug står der med det falske tv-smilet sitt og ønskjer velkommen til bit for bit himmelen – ikkje det gamle engelskskrivne beat slag for beat slag. nei. eit nytt konsept. dette foregår som nevnt i himmelen. der er ting noko annsleis. eg må ha drøymt dette eller kva er det? traumet eller framtidsdraumen handlar om følgjande: når eg kjem dit, eller er på veg dit eller ein eller annan stad, blir eg stoppa av dyrhaug og tvinga til å vera med i ein konkurranse som vil avgjera om eg endeleg kan komma inn der, i himmelen. dyrhaug har sjølv antageleg funne opp dette nye konseptet på oppdrag frå den styrande i himmelen eller ein av hans undersåttar. der står altså ein tåpeleg hoppande dyrhaug med eit like tåpeleg falskt tvsmil (det er ikkje normalt å smila slik. eg går ikkje med på at det er normalt. aldri i livet). han stiller spørsmål etter spørsmål og det er nesten som om han liknar på mannen i Life of Brian som seier ”crucifiction? this way” etc. dyrhaug står med ein svær haug (hald fast) kroppsdeler: og kvar og ein som blir stoppa må gjetta seg fram til kva for ein kroppsdel som høyrer til kva for ei popstjerne som daua mellom 2020 og 2030 – dette må vera dersom eg lever til år 2040 – som er høgst usannsynleg forresten. men tenk berre på kor mange i generasjonen av medlemmane i til dømes den verdskjende gruppa rullande steinar som har drege sin kos frå jordelivet og pakka fuzzpedalane sine ned for godt då. alle desse popstjernene har i himmelen eller deromkring, velvillig lånt ut kroppsdelene sine eller det vil seia dei har antageleg teke dei av og donert dei til ivar dyrhaug og hans program, og fått nye som dei går med der inne i himmelen ein stad. det dukkar stadig opp daue popstjerner også i himmelen så programkonseptet er på mange måtar udøyeleg.
eg klarar ikkje svara på spørsmåla og dyrhaug smiler berre enno meir frenetisk og dei hippe brillene glinsar og vippar på den store nasen hans. det endar med at eg må finna fram instrumentet mitt og sitja inn i bandet, altså eg må vrenga av meg nokre ekle soloar før eg kan førast smilande inn i himmelen eller deromkring.
dette må vera det største traumet eller den verst tenkjeleg framtidsdraum. grunnen til at eg ikkje vil dø. eg vil absloutt ikkje det. eg vil ikkje komma til ein slik himmel iallfall.