17 august 2011

august

igjen august. eg sit i eit hus ved ei elv. igjen. store nedbørsmengdar treff landet, men denne elvi stig ikkje for høgt. førebels. den vaskar ikkje vekk grunnen eg sit på. eg har tent nokre ljos i hagen. hengande i kirsebærtreet og lysande i haspa bar.... det er natt og eg skal sova. enkelt. vanskeleg. og det er jo livet - også i andre saker som er like så enkle som å gå å legga seg i ei seng....

1 Comments:

Blogger rønnaug s. said...

triveleg med livstegn i ein våt sumar, blir litt rar i hovudet av alle dei grå dagane. akkurat no er det opphalds og går an å vera ute, så kom endeleg det rotne graset som har li på bakken i fleire veker, dit det skulle, på dynga. det er godt når tinga kjem dit dei skal, det gjeld pengar og, som ventar på å bli senda på rett plass. det blir nok ei råd med det og, med det fyrste, får vi tru!

7:52 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home