23 august 2011

stovner

vérdi er ein løgen plass. idag har eg vore på stovnersenteret for fyrste gong. kva skal eg kalla det. ei oppleving. heilt klart. folk driv på med så mangt. mange går i kjøpesenter, på kjøpesenter. handlar. nokre handlar. andre er der berre? del av det. betong, plast, glas, asfalt, vandrande folk av ulikt slag. eg føler meg veldig framand. men eg fungerer jo der også. handla mine varer på meny ( der raud paprika kostar 69.90 for kiloen. seier og skriv 69.90 for kiloen. på rimi vegg i vegg kosta den 29.90 (men det var jo kjipakjeden Førstepris). som om det er ein heilt annan klode. og det eg ville skrive som ein utfyllande kommentar for dykk som held dag&tid og las hr. hjeltnes bakside der han lurte på kvar det var vorte av alle 70-tals pop-banda, eller gamle grand-prix kameratar. på stovnersenteret heng det plakatar med eit av mine helteband Uriah Heep. dei spelar snart på lillestrøm berre så de veit det. og var det moot the hoople også? det var eit band til som snart spelar ein stad nær eit kjøpesenter nær deg. som hjeltnes skreiv så driv dei på. heldigvis? kanskje ikkje.