09 april 2011

flensburg

mot midnatt i ein hotellresepsjon, og eg tenkjer at eg burde vita meir om Preusserkrigen og 1864. Danmark-Tyskland - Tyskland Danmark. kva er kva? her snakkar dei tysk og dansk om einannan. idag spelte eg konsert med elin furubotn på dyvig badehotell nordborg danmark - langt sør. nytt hotell opna for eit år sidan - i gammal stil. låg så fint til der ved havet men lukta litt nyrikt heile greia. men det lét fint gjorde det. me spelte godt. om eg må skriva det sjølv. igår var ein svært lang dag med konsert i alsion konserthus sønderborg. eg treng ikkje skriva om den anna enn at det var kjekt å spela med kraja. eg kjenner at det er kvelden. eg må rett og slett sova. komma meg unna - i segn, seng.

1 Comments:

Blogger rønnaug s. said...

I boka Kongens kobberverk av A.D.Østigaard er vi på Kvikne, fyrst på 1600-talet. Presten der har studert teologi i København og bergverksdrift i Freiberg, og slik kjem koparutvinninga i gang der, før den på Røros! Trondheim er nevnt som det andre Flensburg. Greit var det ikkje å vera konge i Danmark og drive koparverk i Norge, det var mange utru tjenarar som selde "kopar på si"! Om du er eller har vori i Freiberg-Harz området, så var det frå der ekspertisa kom til Kongsberg, Kvikne og Røros... Las i denne boka i går, så da passa det å kommentere på denne måten!

9:27 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home