06 april 2011

grønt vårregn

sunnhordland, sunnhordaland står høgt i kurs hjå meg. eg har alltid tykt at det er vakkert her. alltid likt meg her. likt folk her. heilt frå første gongen eg var her i 1979 eller var det 1980? igår var eg i Rosendal og vandre frå hotellet og opp til Baroniet som låg der og liksom lengta etter våren og sommaren. rosebed med planter enno ikkje stelt, klipt. dei enormt store og gamle trea rundt slottet. for det er eit slott frå 1665 der inne i fjorden. tilbaketrekt frå den - og det ligg så fint til. perfekt. eg har spelt der også. i samband med ei kolleksjonsvisning for Oleanna - med dansar. fin oppleving. og eg var der med kenneth så tidleg som i 78? veit at kenneth var der mange gonger seinare og spelte. gamle hus, gamle hagar, gamle tre. det gjer noko med oss. eg kom i mange tankar vandrande der i etterdønningane av eit regnvær. eg slapp å bli blaut for det gav seg og eg hadde ikkje paraply. og eg hadde ei pipestappe som eg koste meg med - medan tankane gjekk. i skrivande stund har eg forflytta meg til stord. leirvik. ikkje fullt så vakkert her. staden er øydelagt. rett og slett. det er ikkje særs hyggeleg. kanskje om ein har ein stor bil å verna seg i - få avstand til elendet i? eg veit ikkje. asfalt og totalt planlaus arkitektur. det ser rett og slett ikkje ut ( i måneskin). men dei har ein god restaurant her som heiter Fengselet - der eg har vore før. der blir det mat. no. snart. snart vår også - i Sunnhordland.

1 Comments:

Blogger Mai Lene said...

Ja, her byrjar det å bli vår, men det er ikkje veldig varmt ennå. :) Her på Jæren kjem det som oftast litt seint i tillegg til at me alltid har vind! :D

12:29 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home