27 juli 2009

grimstad i regn

det kan regna tungt her sør. tungt, tett og lenge. dagen etter ein fantastisk smeigedag der eg var på båttur med "proppen" i skjærgården her. me var ikkje åleine nei. det er ein underleg ting med nordmenn at dei alle skal gjera det samme og helst på dei samme stader som alle andre gjer det samme. som å køyra eller visa fram båten, hytta, bilen eller kroppen sin eller ein kombinasjon av dette. men på sjøen er det jo båten som gjeld. igårkveld på luftetur over osterkil-brui såg eg eit svært morosamt syn då eit sjeldsynt flytande stereo-anlegg kom skvalpande i over hundre desibel med "we don´t need no education" på full guff i sommarkvelden. Ei slags snekke med mega-høgtalarar vend mot passasjerane på akterdekket eler kva ein no skal kalla det. der stod iallfall ein fem seks personar med kvar si pils i håndi og song med for full hals. spørs om ikkje dei vart anmeldt nokre timar etterpå. det var litt av eit syn - og ein lyd. støynivået er ekstremt mykje høgare her sør i juli enn i september, ja det vera seg alle dei andre månadene i året. idag regna det tett. opplett no. men uansett blir det istid tre ikveld! - på grimstad kino.