13 september 2009

septembermat

idag skal Tanja, Christian, Marta og Elias få lammesaute med paprika og timian, ris, nybakt havrebrød med rosiner og tomatar (heile tilogmed, men små) -
søndag på kjøkenet med vin utom glasi. lauvet på dei store bjørkene i hagen har gule flekkar. potetriset i min vesle åker har visna men purrelaukane står og struttar opp i lufti. nokre fleire squash blir det også. Litt lyst å gå ut der i hagen når denne gryta har komme på kok eller kun ventar på paprikaen. mat tek tid. igår var eg på fantastisk middag hjå håkon og annine. svært inspirerande. hausten er tida for å samlast rundt mat - også. korleis få til det? valg, valg valg. ta eit valg. velga det inn. denne hausten har eg tid til det - så vi får sjå kva eg klarar. imorgon er det forresten valg valg valg. Bruka stemmeretten Ja!