18 juli 2009

sommaroslo

byen er sløv og sakte og eg er på vitjing. liksom. innom mellom vestlandet og sørlandet. dotter mi sa at det var fint me budde i oslo for det låg midt imellom vest og sør. likar seg ikkje i oslo om sommaren. mange har skrive eller sagt at dei kjenner seg som vitjande i denne byen og eg forstår det lettare no sommarstid. byen og menneska meir gjennomsiktig. som om ein ser den tydelegare - både det vanskelege og det lette. oslo er full av innflyttarar som reiser vekk om sommaren. no tjuknar det til på den opne himmelen eg ser frå toppen av Sinsen. regn skal komma. prøver å komma litt igang med arbeid av ymse slag. har tendens til å hopa seg opp når ein koblar ut, men det er ikkje aller verst. hagen er full av ugras må vita - men det kan eg ta tidsnok. det også. sommaroslo er sakte og sløv. men fin nok. open til å vandra i ein laurdag i juli totusenogni.