12 januar 2009

godt nytt år

framleis er totusenogni nytt, sjølv om det viser seg fort at det er eit godt gammalt år, som er igang. eg meinar, både når det gjeld mildværet, ikkje noko snø så ein får ta fram skia, og meir generelt alt det å skriva ni istaden for åtte ikkje gjer den heile store skilnaden eigentleg. istilhøva har vore glimrande og dei svenske skridskøytorna eg fekk til jul er prøvd mellom anna på Semsvannet. flott gli og fart og is. kaldt i kinnet, friskt og godt. jogging driv eg også med. kneet mitt er ikkje heilt med - men tiger-balsam er tingen. prøver å få gjort eit og anna sidan eg har lite reising i vår. komma inn i andre rytmar. er det muleg? trur det er både muleg og viktig. skulle til Årdalstangen denne veka men det måtte utsettast til neste. Då feirar sjølvaste Siv E. 50-års jubileum. det blir nok ein triveleg fest. den nye CD´en min saman med Berit er ute - fekk fin femmar i aftenposten idag og litt merksemd har det vore - for det fantastiske diktet Draumkvedet. Sjekk ut det alle som kan! Ha fint år så lenge