26 januar 2009

det er noko med gamle hus

eg veit ikkje kva det er. eg sit her i eit rom med tømra veggar som slekta eller einkvan eg ikkje veit heilt kven eg har høyrt det frå, som meinar at dette rommet er bygd rundt 1890. det er ei stund sidan. her er det lunt og godt. vil tru det er forholdsvis lite stråling av til dømes freon? kven veit? her har eg sete før. rommet er meg. det betyr mykje for meg. har "gjeve" meg mykje" i form av tankar, idéar. kraft rett og slett - men også konkret gjeve meg rom til å arbeida. bokstaveleg tala. ikkje godt å forstå kvifor ein må hit igjen og igjen, og at ting dett på plass her. med eit. som eit lys, på ein måte. mange lys. har sjølvsagt ikkje fått gjort så mykje som eg hadde håpa desse dagane eg har vore her - men like fullt. eg har vore her igjen. kjent at det er viktig for meg. fått lov til å bruka litt tid her. det er eg uendeleg glad for. det får meg vidare og vidare. imorgon over fjellet til oslo.