07 april 2006

sidan februar ifjor

har eg arbeida med ei ny innspeling. no ser det ut som om eg er i mål. elleve nye (toavdeigamlenonye) komposisjonar skal ut i verda i løpet av året totusenogseks. eg trur det har noko føre seg. eg meinar, det er eit steg videre. og når det er sagt så har eg sagt at det skal gå ei god stund før eg går i studio igjen. og neste gang - i totusenogåtte ellerderomkring skal eg spela inn alt på ein dag - og så miksa det :-) det vanskelegaste av alt her i verda er å velga vekk. det er og blir tydlegeare og tydelegare for meg. no står visst påsken for dør. for døra. seiest det. så nyt. nyt den.