31 oktober 2005

hengande hagar og kultur

tenkjer eg på i ettermiddag
dei assosiasjonane som desse orda gjev - i meg
den siste dagen i oktober
trygt heime etter ei lang reise frå newcastle igår. SAS hadde ikkje dagen sin. eg var i seng 01.15. brukt dagen på å komma heim, pakka opp og sortera dei store mengdane med world music cd´ar og info som eg draksa med meg i kofferten. gjorde den like tung som når eg drog. over tjuefem kilo. så las eg e-post. las og las. skreiv og skreiv. det vart naudsynt å letta ei anna bør, ta avgjerda om at eit videre samarbeid med provokatøren og småbrukaren ikkje er mogeleg. eg har ikkje krefter og tid til å fylla tankane, dagane med gamle tal og i mine auge svært ukurant og respektlaus behandling av andre folk. eg ana at noko var i gjære i mars april iår. mitt reknskap er ikkje uoppgjort. eg må medgi at det er litt ilt. det blir ikkje lett å selga huset med dei hengande hagar kring - men det kjennes ut som eg skal nettopp det. snart. eg har lenge tenkt at eg har for mykje. av alt. særleg gamle hus. det gjer saken lettare. kvitta seg med ting. skrella av. setja fokus. igjen og igjen. på ny inn i noko nytt. då må ein forlata det som var noko anna. ei anna tid. allereie eit anna kapittel. i det avgjerda er teken.