21 oktober 2005

denne helga skal det larmast

i oslo
samarbeid er ikkje det første ordet som renn meg i hug når eg tenkjer på norsk musikkbransje med alle sine segmenterte miljø. me har ein ufatteleg sterk evne til å halda på med vårt her i landet. på kvar vår måte. med eitkvart som like fullt har innverknad på andre. på godt og på ilt.
det skal spelast folkemusikk må vita. den norske folkemusikken har ein lang veg å gå før den kan bli akseptert som ei kunstnarleg uttrykksform å ta på alvor. dessverre. om ein av måtane å gjera det på, er å etter-apa dei store (og rike) musikkmessene i utlandet sine metodar, måtar, blir spennande å sjå. når vårt veslevesle heimlege og svært gjennomsiktelege folkemusikkmiljø heller ikkje samarbeidar om larmen virkar opplegget rett og slett noko korrupt. nokon har snakka saman. nokon har ikkje snakka saman.
showcase kallast det i utlandet - og ingen har brydd seg med å finna eit meir dekkande norsk namn i larmen eller stilla mellom oss
å visa fram eit tilfelle? ei sak? ein musikk?
for kven spelar me?
det må me stadig spørja oss - me musikarar