31 august 2015

eit dikt kvar dag i to år

no kjem eg igang. halvåret etter eg første gang skreiv om dette. at eg skreiv eit dikt kvar dag i 2011 og eit dikt kvar dag i 2014. har godt over 200 sider og er igang, stadig igang. det handlar om å filtrere og renska og pussa og skriva nytt. ein stor og tidkrevande jobb. eit arbeid. er eg heldig har eg tretti dikt. ekstra heldig har eg femti. eller om eg har krafta, arbeidsviljen, tålmotet og framleis evnene som gjer at eg skriv ei poesi-samling nummer tre. eg tenkjer at den blir meir personleg. iallfall at eg brukar ordet eg oftare enn i dei to første samlinga. tenkjer det. arbeidet vil visa om det blir slik. Her ligg dei. opp ned :-)