lesing
Eg har aldri klart "å kakka hol på", begynt lesinga av ei Murakami bok, før no. Godt og vel 35 sider inn i "Hvad jeg taler om når jeg taler om at løpe" kjenner eg at eg skal lesa meir av han. I denne boka skriv han jo mest om å springa og mykje om kvifor han skriv. Den skildrar ei anna sida av forfattaren, av sjølve mannen bak romanane og novellene. Det passar bra å starta med å lesa han sidan eg skal på turne i Japan for første gang, kommande haust. Rettare sagt i november. Det gler eg meg til. Eg var der i 1993 eller var det 1994?
Eg har arbeida i musikken sine sfærar sidan sist eg skreiv her. Også skrive mykje alle andre stader enn her. No vil eg prøva å auka blogg-frekvensen. Det er tider for alt. Kommande haust er det 25 år sidan eg starta NORCD. Når jubileumsfeiringa er over skal eg ta ein pustepause. Tenkja meg om. Eg kjenner på at det er heilt naudsynt og viktig. Kanksje nettopp for å skriva meir, - og spela meir både i 2017 og 2018.
Aktivitetar som å setta opp eit drivhus kan også skrivast om. Men det eg ville seia her er at boka til Murakami er inspirerande på mange plan. Det er godt å kjenna.

0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home