02 november 2012

november igjen november

og eg er i bergen i november og bergen er november. heile året? nei, men idag er det november og det ruskar i trea mot vesle lungårdsvatn. eg gjer så godt eg kan. og det er godt nok. eg veit det. medan eg skriv dette lyttar eg på eit opptak gjort i odda - tidlegare i denne veka. lyd av bukkehorn, piano, bass, trommer. no lydfesta men førebels ikkje offentleg. det blir det. tids nok. tidsens born. stogga å tenka. ein kan ikkje stogga tidi men ein kan tenka. stogga sjølv i tidi? musikken dreg meg framover og dei nye tonane dei nye tonemøta er der framme ein stad. dei eg leitar etter og prøvar finna og formidla - for dei som vil og kan lytta. det lét. det lét.

1 Comments:

Blogger Torunn Tangen said...

Du skriver bra. Veldig bra.

Ha en god natt.

11:17 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home