27 desember 2012

mellom

 mellom jul og nytt år. idag skin soli på kyrkjespiret i oslo sentrum der eg er tilbake etter julefeiring i sør med dei gamle. eg tenkjer mykje på liv og død kvart einaste år kring dette belet. så også iår. det å sjå sine born blir større og større, veksa, gro, og det å sjå besteforeldra bli eldre og eldre, visna og resignere.
fasar i eit rikt og godt liv - både i det som vonaleg blir eit godt og rikt liv og det eg veit har vore for eit godt og rikt liv for dei gamle. å sjå endringar - å gjera noko med endringane i ein sjølv. på eitkvart "stadium" i det som er livet. og livet er som kjent kvar einaste dag det. eg blir fyllt av ein flott energi kvart einaste år på denne tiden. får hug til å rydda opp i det som ligg bak meg (og gjer det), og hug til å gå på med ny innsats og arbeidsvilje for å få til nokre av dei mål eg har satt meg - for det nye året, dei nye åra (og gjer det). romjul er ikkje noko vakuum - heller ei tid for å lada batteria i form av å ta seg tid til å tenkja meir og oftare over kva ein driv med og kva ein vil driva med. valg ein må gjera. eg er priviligert. på alle vis. det er noko av det første og siste eg tenkjer - fabulerer over. så heldig som kan driva med det eg aller helst vil. ekstremt krevande - ja, men resultata står i høve til innsatsen - også i kunstnarleg arbeid. det skal ikkje og er ikkje lett. 2012 har vore eit "eventyrleg" år for meg. eg er veldig takksam for dei tre prisane eg har motteke og alt det eg har skapt sman med andre ( som musikk i stor grad handlar om for meg), alle dei eg har spelt med og for. Takk. no gler eg meg til 2013.