28 februar 2011

siste dag i februar

eg gledar meg til imorgon. då skriv me mars. det er von i det. i vinterferien var eg på ski i Berdalen ved Hovden og fekk gått både bortover og runne eller rennt nedover. ein fryd - saman med to ivrige og spreke ti-åringar og ei ikkje mindre sprek mor. om kveldane var det yatzy og trivial pursuit i timesvis. herleg å komma vekk frå byen og inn i noko anna. ingen mac med netttilkobling heldigvis. men mars. no vil snøen snart bråna. eg lengtar etter vår. i tyskland forrige helg såg eg ein einsam krokus stikka opp av jorda. og snøklokker. det blir kanskje nokre skiturar til, men eg er mest hyppen på turr asfalt og springing. frå komponisten og poeten kjem det nytt. eg kjenner det. laurdag er det spellemannpris. kryss fingrane! eg gledar meg til mars.

2 Comments:

Blogger Mai Lene said...

Å du er heldig som har hatt vinterferie. Det har ikkje eg, men eg skal ha ferie neste veke!

7:10 p.m.  
Blogger rønnaug s. said...

"kunstnere fanger det sårbare og skjøre, det som går tapt. de kan også bidra til å formulere det som kommer. kunstnere er ofte bedre seismografer enn journalister og politikere" skriv kari gåsvatn i nationen. det er så sant! lykke til på laurdag og alle dagane framover!

11:58 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home