10 desember 2007

venetid:ventetid

eg har vel grytt ut or meg om vår fattige evne til å nyta desember tidlegare år her på lydkunst, men eg klarar ikkje la vera iår heller. eg forstår mindre og mindre må gjera. kvifor ingen snakkar om adventstid som eit oppbyggeleg tidsrom der ein skapar forventingar til det som skal komma. og det som skal komma er altså jul. det er ikkje jul enno. det er framleis lenge til jul.
eg et ikkje pinnekjøt eller juletorsk før jul, det gledar eg meg til å eta når det er jul - og det er ei fantastisk kjensle å nyta alle dei tinga som er jul, når det er jul. for meg er det meinigslaust å nyta desse tinga frå tjuende november til seksotjuende desember.
men fantastisk når det er jul. eg forstår det berre ikkje. det må vera handelstanden :-) - nei eg veit ikkje. det er vel ikkje berre dei, den, det. kvar enkelt må gjera noko med det -velga si jul. og det gjer vel folk. men mange let andre velga, og slik folk oppfører seg no vil og kan det for vesen frå andre planetar framstå som rein galskap, høgst merkeleg iallfall. eg forstår det ikkje. men eg gledar meg til jul. veit at julestemningen kjem - når eg skal pynta mitt furutre vetlejulafta og gode gamle bach kling vakkert og høgtidsamt i stova den firogtjuende dagen i den tolvte månaden i året totusenogsju. jula kjem tidsnok. til meg. og vonaleg til deg.