18 september 2007

ein flygande koffert

den er ikkje pakka enno, men det nærmar seg tur. eg skal først til Sogndal der eg har programmert Internasjonal Veke og også komponert tingingsverket TIDVATN til. held på med det rettare sagt. blir nok ferdig. eller har ei råme som eg skal få god hjelp til å fylle i - med tonar. det blir spennande for å bruka eit noko forslitt omgrep. men eg er spent. spent på det og alt som kjem. det er litt mykje arbeid for tida, sjølv for meg. ikveld er det dansespeling for BUL saman med sjefen høgemo. det skal bli gøy. noko heilt eige å spela til dans.